19:25 tirsdag 21 mai 2013
Home
fruktlageret.no
Velkomen til Kvam fruktlager i Øystese:
Kvam Fruktlager P/L
Sjuseteveien 27, 5610 Øystese Tlf. 56 55 50 48 Åpningstider: Mandag, tysdag, onsdag og fredag: 0830 - 1630 torsdag: 0830 - 1730 Laurdag: 0900 - 1400 Kvam Fruktlager er det gamle fruktmottaket for frukt i Kvam Herad. Idag finn me gardsmatbutikk, Felleskjøp og fleire landbruksrelaterte kontor her. Kvinnebedrifta Nøring har også sitt produksjonslokale i huset. Gardsmatbutikken på Kvam fruktlager i Øystese, satsar på dei små og mellomstore produsentane frå heile landet. Gardsmatbutikken vonar kundane set pris på å få handle lokalt produserte varer som ikkje er så synlege i dei store kjedene. Om hausten sel me lokal frukt, frå lokale dyrkarar. Fersk Hardangerkling omlag kvar dag Ferske Nordlandslefse torsdag Ferske Potekake torsdag Ferske brød frå Hjelle Bakeri torsdag Ferske Mjelkekake fredag Felleskjøpet Butikk på Kvam fruktlager Her finn du utstyr til kjæledyr, utstyr til buskapen, arbeidsklede, verneutstyr, olje til utstyr og maskinar, sprøytemiddel, gjødningsmiddel, vaskemiddel til kle eller golv, kostar, hagereidskap, motorsag- og ryddesagtilbehør, gjerdestolpar, plantejord og torv, sanitærbark, toalettpapir og mykje mykje meir.
Her finn du oss |
|
Drevet av Joomla!.
Designed by: Free Joomla 1.5 Theme, what is dns lookup. Valid XHTML and CSS.